BI imponerte i lacrosseduell

Tidenes første bergensderby mellom BI og NHH under lacrossejubileum. Klikk deg inn på linken for å se en reportasje fra kampen.

 

Lacrosse - kvifor ikkje?

 

På kunstgrasbanen på Møhlenpris ser alt ved første augekast normalt ut. Unge gutar sparkar rundt på ei lærkule. Men på den vetle banen bak hovudbanen foregår noko heilt anna. Her har nemlig BI sitt lacrosse-lag trening.

Av: Yngve Sundfjord



FOTO:Morten Helliesen
Heltane frå BI Lacrosse.



FOTO:Morten Helliesen
Det er ikkje lett å få treningstider med den enorme prioriteringa av fotball i byen.


I spissen for det heile finn me Alexander Rio og Patrick Lyche. - Me høyrte først om lacrosse gjennom American Pie- filmen. Nokon venner på NHH i Oslo spelte det, og då me blei invitert med, fekk me smaken på det.

Amerikansk opprinnelse

Mange har kanskje hørt om lacrosse mest i forbindelse med nettopp amerikanske ungdomsfilmar, og det er ikkje tilfeldig at det er mest populært på andre sida av Atlanteren.

Lacrosse er nemlig ein lagbasert ballsport som først vart spelt av canadiske indianarar på 1200- talet. Sidan ein canadisk tannlege i 1867 utvikla spelet og reglane, har det vakse seg til å bli ein svært populær sport, spesielt blant elevar på amerikanske vidaregåande skular, høgskular og universitet.

Tøff sport

I lacrosse er spelarane utstyrt med køller med ei stram nettlomme i enden. Denne nettlomma nyttast til å halde, fange og kaste ballen, som er omlag like stor som ein tennisball, men ein god del tyngre, noko underteikna får merke når han skal sparke den tilbake på banen. Formålet i lacrosse er å kaste ballen i motstandaren sitt mål. Sporten er svært fysisk og både kroppstaklingar og slag med køllene er lov innanfor visse reglar. Spelarane nyttar derfor beskyttelsesutstyr som minnar om ei blanding av ishockey og amerikansk fotball. - Ein av grunnane til at me speler lacrosse er at sporten er så komplett. Den har behovet for det fysiske, tekniske og det taktiske, seier Rio og Lyche.

Lite miljø

- Husk på at det er ein fotograf tilstades, så posèr så mykje som mogleg, flirast det ute frå banen. - Lacrosse er ikkje den sporten som får mest merksemd, så me er ein ganske PR-kåt gjeng, flirer Lyche. Ikkje mange veit at det finst eit lacrosse- miljø i Norge. - Lacrosse- miljøet i Norge er relativt lite, men det er i vekst, seier Rio, og viser til at det i år er 8 lag som skal vere med å delta på dei forskjellige arrangementa. - Me speler cupar, arrangerer samankomstar, og om sommaren er det Norgesmeisterskap, legg Lyche til. Norges Lacrosse Forbund (NLF) vart danna 3.april 2007. Norge stilte også lag i EM i Finland i 2008, der dei tok ein hederlig 14. plass av 18 lag i sitt første meisterskap. Lyche meiner at det at dei speler ein lite utbredt idrett er positivt. - Det gjer at moglegheitane til å bli «best» i noko er stor. Og me synest det er bra med noko nytt, ein er jo med på å skape eit miljø.

Ulike reglar

På BI- treninga i kveld er dei nye rekruttane for året på plass, og der er det gjennomgang av reglar. - Når ein motspelar er i ferd med å plukke opp ballen, kan du ikkje takle. Men når han har plukka opp ballen, er det berre å kjøre på!, lyder ein av dei mange formaningane frå Rio og Lyche.

 

Lacrosse blir spelt med ti spelarar på kvart lag, på ein bane med omlag same storleik som ein fotballbane. Dei ti forsvarsspelarane er ein målmann, tre forsvarsspelarar, tre midtbanespelarar og tre angrepsspelarar. Forsvarsspelarar kan ikkje bevege seg inn i midtsona, og angrepsspelarar kan ikkje forlate motstandarens forsvarssone. Unnataket er dersom ein midtbanespelar beveger seg inn i sona forsvars- eller angrepsspelarane bevegde seg ut av. Kvinner har litt andre reglar, med tolv spelarar og strengare reglar for fysisk kontakt.

Dårlige treningstilhøve

Eit stykke ut i treninga togar det inn eit fotballag som skal trene på banen, noko som gjer at lacrosse-gutane må gi seg for kvelden. - Du kan godt skrive at me slit med hall- og banetid, seier Lyche oppgitt. Sjølv om dei synest at det å spele ein lite utbredt idrett er ganske kult, så fins det ei bakside på medaljongen. Fotballen tar mykje plass i idretts-Bergen og blir prioritert, ingen tvil om det.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

   

 

 

 

 

 

 

 

LOGO-KJS.png